Matte, matte og atter matte!

Sidan eg ikkje kom meg inn på HISF i haust driv eg no og tek oppatt to fag gjennom Vaksenopplæringa, matte og norsk. Imorgon er det heildagsprøve i matte som gjeld og difor har eg kvar einaste dag denna veka sotte og jobba med matteinnlevering og repetisjon til prøva imorgon. Men motivasjonen er ikkje på topp og absolutt alt anna enn matte er noko kjekt! Til og med husarbeid er kjekkare :P Spisestovebordet vårt er overfylt av mattebøker, papir, pc og ein tekopp eller to :P
Ikkje alle oppgåvene so er like enkle å få til heller :( So om nokon vil hjelpe meg, ja takk! :D

Akkurat no føler eg at eg mildt sagt er dritlei :P

Motivasjon, kor e du????? *frustrert*

Susie!

Interiørdrøm

Er ikkje berre berre å drøyme seg vekk i interiørverda :/ Sit her og drøymer meg vekk om korleis eg kan gjere ting i huset, korleis eg kan få til geniale løysingar og korleis vi eingang i tida kan få innreia kjellaren vår :D

Akkurat no har eg ein “plan” på korleis eg skal få ordna vaskerommet/boda vår slik at det ser litt bedre ut enn den dag idag med oppbevaringsløysingar ++
Sånn ting ser ut på vaskerommet/boda idag står vaskemaskin og tørketrommel langs ein vegg der det er ei lita “opning” mellom tørketrommel og vegg der eg veit det er plass til eit skap eg vil ha frå Ikea og i tillegg vil eg prøve å få laga til benk øve maskinene og overskap slik at eg har plass til det som trengs der :D Tips til enkle og på same tid gode løysingar der?
Her er skapet eg gjerne vil ha inn på vaskerommet mellom trommel og vegg. Er ikkje detta genialt so veit ikkje eg! :P

Øve maskinene blir det nok ei enkel benkeplate og deretter overskap til kjøkken eller noko enkelt for å få det fint og gode løysingar!

Eg var nett inne på vaskerommet og målte, improvisert sidan målebandet er vekke :P Det er plass!!

Link til bilete eller inspirasjon til innreiing?

Tek gjerne mot tips til interiørbloggar! :D

Susie!

Update from Africa!

Her kjem ei lita oppdatering frå Afrika-fararane sidan det ikkje er så lett å holde kontakt med omverdenen herfrå, steindyrt å ringe heim blant anna :P

No har vi vore i Afrika i fem dagar og vi storkosar oss! Hotellet vi bur på, Chrismar Hotel, er kjempeflott!  Så og seie rett utanfor rommet vårt har vi eit kjempekult basseng der ein kan sitte og nyte ein drink eller to sidan det er bar tilhøyrande til bassenget :D Hotellet litt litt utanfor sentrum av Livingstone, så uansett kor vi skal, må vi nok ha taxi :P Vi høyrer heile tida at det er mykje aktivitet med både helikopter og mikrofly (trur eg det heiter). Dagane tilbringe vi mykje ved bassenget, solar oss og slappar av! Takka vere at vi ikkje spraya oss med myggspray ein kveld ha vi fått nokre stikk :P Eg har vel telt omtrent 20 stk på berre føtene mine! Men vi har lært!

Vi har det ganske moro når vi skal bruke valutaen her nede :P , 1 million Kwancha tilsvarar nemleg omtrent 1100 norske kroner! I tillegg brukar dei ikkje noko anna enn sedlar, så den minste seddelen tilsvarar mellom 5 og 7 norske øre!!

På hotellet er det berre frukost som er inkludert, så lunsj/brunsj kjøper vi somregel i hotellrestauranten og middag blir oftast ute på byen, er utruleg billeg her nede! “Karane” har funne ut at den lokale øla, Mosi, ikkje kostar meir enn omtrent 7-10 kroner! Billeg? JA! Hehe!

Julafta vår (Christoffer, Håvard og meg) blei “feira” med at vi gjekk ut igår kveld og åt middag på Rite Pub & Grill i byen, litt spesielt å feire jula i varmen i det heile tatt.

No er det og berre 3 dagar igjen til den store dagen til Anne Grethe og Knut Are! :D Vi gledar oss stort! :D

Håpar at eg får oppdatert meir seinare, og kanskje med bilder! Nettet her er litt treigt til bilda mine :P

Besøk og film

Igår (torsdag) reiste eg til Førde for å besøke lisjesysta mi og typen, vi tusla innom butikken og handla for å lage oss god middag/kvelds og leigde film. Vi laga noke Toro-kyllingsaus-opplegg med ris og såg Fast Five :D Vart seint inatt før eg og systa fekk lagt oss, men måtte vere so ondskapsfull at eg vekka ho når eg sto opp :P Eg sto ikkje opp før kl 10 heller så det var nok ikkje synd på ho :P Fekk dilla meg ut dørene og opp på sjukehuset og heimatte te Sogn ettekvart :) Som vanlig tar det lang tid på sjukehuset og eg blei forsinka til jobb når eg kom nedatt.. Tunnellarbeid var det på veien også :/

Men film :D Vi skulle på Mix og leige film igår og endte med å reise utatt med to ekstra filmar som eg kjøpte billig :D Håpar berre dei er bra :P

Den eine filmen er: Life as we know it

Den andre er: FASTER

Har fått sansen for Dwayne Johnson etter eg såg Fast Five!

Q: Har du sett nokon av desse?

WTC – 10 år etter

Ubeskriveleg rart at det har gått 10 år sidan WTC-tragedien!
Ikveld har eg sotte og sett på ein dokumentar på TVNorge som varte i nesten tre timar. Eg hugsar akkurat den dagen veldig godt då det skjedde, vi hadde vore på skulen og når vi kom heim høyrde vi det på radioen og det var overalt på tv-kanalane. Heilt grusomt det som skjedde 11.september 2001! Dokumentaren eg såg ikveld var filma frå ein brannmann sitt ståsted, han gjekk rundt med eit vanleg videokamera og filma heile tida og filma idet det første flyet traff det nordlige tårnet. Fulgte også ein del av dei brannmennene som jobba på brannstasjonen Ladder 1, var tøft å sjå igjen det som har skjedd. På same tid var det veldig spennande å følge brannmennene på den stasjonen og når Tony kom tilbake til slutt, dei trudde dei hadde mista han. Frå den brannstasjonen var det ein som omkom, det var brannsjefen Pfeifer, alle dei andre overlevde. På slutten av dokumentaren fekk ein sjå korleis enkelte av dei har det den dag idag, ein del av dei eldre på den brannstasjonen har omkomme no av forskjellige sjukdomar, mest truleg pga den giftige røyken som var den dagen.

Idag har vi minnast alle dei 2986 personane som omkom 11.september 2001.

Eksamen, avslutning og ferie

No er alle tre eksamenane øvestått :) Forstår godt at folk blir sjuke av eksamensstresset, eg har vore sjuk før eksamen og har ikkje blitt frisk endå, kanskje det kjem seg med ferie no?

Heile klassen kom opp i skriftleg norsk hovudmål og vi i klassen som har hatt matte dette skuleåret blei og trekt opp i skriftleg matte. På fredag i forrige veke var vi ei lita gruppe på seks stk som blei trekt opp til muntleg naturfag og sidan pinsehelga kom midt oppi alt hadde vi plutselig fem dagar vi kunne lese til eksamen på! :D Tirsdag morgon reiste eg og to til i klassen på skulen til halv ni på morgonen og sat i 12 timar og gjorde naturfag! Vi tok oss nokre gode pausar innimellom for å få tilbake litt motivasjon og konsentrasjon og Håvard kom heilt bort på skulen med chips og dip te oss, ette litt masing :P

Eksamenslesing

Muntleg eksamen i naturfag hadde vi idag og vi klarte oss bra alle sammen, eg fekk 3, men hadde eg kunne svart på meir av dei store spørsmåla sensor stilte meg, kunne eg faktisk fått 4! Men eg kan trygt seie at eg er kjempefornøgd med 3!

Resten av klassen vår blei trekt opp til at dei skal ha eksamen imåro, ei gruppe i norsk, ei i psykologi og ei gruppe i historie. So vi so hadde eksamen idag kunne ta ferie med god samvittighet idag :) Til alle i klassen som har eksamen imåro, masse masse lykke te! :D

Imåro er det avslutningsmiddag for heile klassen med kontaktlærarane våre på Joar’s restaurant. Trur det skal bli kjekt! Ha ei lita samling for heile klassen før vi kanskje ikkje ser kvarandre igjen på ein del år. Blir nok ein del mimring frå dette skuleåret imåro kveld og mange gode historier :D

No blir det om lag 14 dagar ferie frå lørdag av og etter det er det full jobbing for meg resten av sommaren då eg har fått meg jobb på Statoil i Sogndal :D

Etter ferien kjem det kanskje nokre bilder :) Gleda meg til å komme meg litt vekk no!

Q: Kva skal du i sommar?

Klem S!

Trening og karakterar

Altfor lenge sidan sist eg har trena no, er berre støttemedlem på treningssenteret ser det ut til :P Men idag har eg og Camilla trena skikkeleg!!

  • 50 minutt Zumba Cardio Party
  • Zumba Basics & 20-minute express
  • 50 situps
  • 30 armhevingar
  • nokre ryggøvingar


Til saman trena vi omtrent 90 minutt! Synest vi har vore skikkeleg flinke idag! Fortsette med det skal vi òg. Frå etter påska skal vi prøve å sykle til og frå skulen fleire gonger i veka. :D

 

I forrige veke hadde vi ei historieprøve som eg synes gjekk utruleg bra! Så eg gjekk og håpa på ein god karakter, bedre enn det eg har fått tidlegare iallfall. Når eg fekk att prøva mandag denne veka her landa eg ikkje på jorda med det første :P Eg fekk 4 på prøva!!!!! Superfornøgd! I tillegg fekk vi att matteprøva i forrige veke, vi hadde den for eit par veker sidan, så når vi fekk beskjed om at karakterane våre var lagt ut på Fronter var vi inne og sjekka alle saman. Eg fekk 4/3 på prøva, det vil jo seie at eg var nærmare ein 4′ar enn ein 3′ar, så eg er superfornøgd med desse to prøvene!!!

Neste veke er siste veka på skulen før påske, dermed skikkeleg hardkøyr! 

  • Mandag: Norsk tentamen
  • Tysdag: Historieprøve
  • Onsdag: Naturfagprøve
  • Torsdag: Matteprøve og fotografering til at vi er russ!

Fredag har vi fri!!! :D


Jentekveld og Florøtur

Fredag endte Camilla og Anja opp hos meg for ein jentekveld og ein tur ut på byen :D
The Voice sto på tven og vi taut og drakk go vin før vi reiste til Sogndal ut på puben, der det var null liv for tre jenter i 20-åra. Ferda fortsette til Meieriet der 5-6 Hedmarkinga med 50tals-sveis sette seg med oss og prøvde å etterligne dialektene våre, noke so gjekk heller dårlig :P Dei blei hengande med oss til vi blei henta og køyrd heimatte. So vi va vel i seng alle tre rundt 4 på natt te lørdag :P
Tusen takk til Camilla og Anja for at vi hadde ein so artig kveld på byen! Det må gjentakast!! :D

Rundt 12 på lørdag kom vi oss avgårde til Florø for å besøke Andreas & Marie :) Vi har kosa oss med masse god mat, musikkvideoa, film og masse prating. Vi leigde Takers, der både eg og Håvard klarte å sovne innimellom under filmen :P Vi fekk i det minste med oss det viktigaste, men det blir nok til at vi prøve å sjå den på nytt om ikkje so lenge :)

Idag reiste Håvard og Andreas ut slik at Håvard fekk sjå båten Andreas kjøpte seg i september, kanskje det blir ein båttur i sommar :)

Va veldig godt å komme seg ut til kysten å sjå kor lite snø det va der :) Her på Hafslo har vi ein god meter med snø i hagen vår :P Vi gleda oss til våren kjem!! :D

Q: Har du hatt ei kjekk helg?

Klem S!

Tatovering?

Sitte her og lurer på om eg skal ta ei tatovering eller ikkje. Har nokon nokre innvendingar?

Tatoveringa skal eg isåfall ha rett under den “kulen” i nakken om nokon forstår kor eg meiner? :P
Motivet blir nok ei lilje:

 

Kva tenker de? Blir nokre av desse ei flott tatovering?

Klem S!